Nidarosdomens oratoriekor er eitt av kora tilknytt Nidaros domkyrkje i Trondheim, og har saman med Nidaros domkor si rot i Olavskoret, som vart stifta i 1946. Dette koret har igjen sitt opphav i Trøndernes ungdomsforening.

Utanom domkoret og oratoriekoret har Nidarosdomen to barnekor, Nidarosdomens jentekor og Nidarosdomens guttekor. Schola Sanctae Sunnivae høyrer med sitt gregorianske repertoar høyrer også naturleg heime i domkyrkja i Kroningsstaden.

Oratoriekoret tel vanlegvis om lag 100 aktive medlemmer, og framfører større, mest kyrkjemusikalske, korverk med 3-4 konsertprosjekt i året. Koret øver vanlegvis onsdagar mellom kl 19.00 og 21.30 i Øysteinsalen i Erkebispegarden. Korets dirigent frå hausten 2002 er domkantor II, Vivianne Johnsen Sydnes.

Koret er medlem av Nidaros kirkesangforbund, og er dermed tilknytt Musikkens studieforbund og tilhøyrande støtteordningar. Koret arrangerer dei fleste konsertane sjølve, men samarbeider Trondheim Symfoniorkester om nokre prosjekt.

Ønskjer du å bli med i koret, kan du ta kontakt med dirigenten for avtale om prøvesang.

Vil du sjå kva oratoriekoret har hatt av prosjekt dei siste åra, klikk "Framføringar" i menyen.